Rasmus Stauri og Tom Willy Rustad (red.): NYGAARD I 100

kr 249

Description

Oddvar Nygaard

frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen levde av musikken sin. Han flytta aldri frå bygda og hadde den lokale folkemusikktradisjonen som ballast frå tidlege år. Han lærte tidleg å spele trekkspel, og han lærte fort. Sjølv sa han at han heldt fast ved same stilen i alle år – ein eigen spelestil inspirert av den lokale folkemusikken. Ein rik ornamentikk frå feleuttrykket med bruk av ein borduntone i diskanten på trekkspelet prega framføringa. Inspirasjonen frå felespelet i Gudbrandsdalen gav grobotn for den særeigne spelestilen hans.

Denne notesamlinga

inneheld komposisjonar som vart til over eit tidsrom på rundt 50 år. Oddvar Nygaard hadde eit musikarliv frå debuten som utøvar før han fylte 10 år til han gjekk bort 21. april 1985, nesten 66 år gammal. Parallelt med aktiv utøving laga han melodiar med mange ulike uttrykk frå konsertstykke til visetonar og moderne dansemusikk som tango og foxtrot, springleikar og ikkje minst mange runddansmelodiar. Som utøvar spelte han både klassisk musikk og komposisjonar av trekkspelvirtuosane Pietro Frosini (1885-1951) og Pietro Deiro (1886-1950) og andre. Nygaard var tidleg svært allsidig, sjølv om han for eit større publikum kanskje er mest kjent som trekkspelar i sin eigen kvartett, Oddvar Nygaards kvartett, der Ola Opheim var den faste medspelaren på fele. Dette samspelet vara i 21 år og førte med seg ei mengd plateproduksjonar frå 1964 til den siste plata som kom ut i 1986, året etter at han gjekk bort.

Utvalet i denne notesamlinga representerer dei sjangrane han skreiv innafor. Somme av desse stykka er teknisk krevjande å spele, medan andre er lettare å få tak på. Notane til desse komposisjonane er ikkje lenger er å få tak i. Derfor er denne utgivinga på sin plass 100 år etter at han vart fødd, 23. juli 1919. Det bør gi denne notesamlinga stor bruks- og dokumentasjonsverdi.

Vi har også vald å trykkje nokre handskrivne noter frå notepennen hans for å gi samlinga større autentisitet. Ettertida har vist at fleire av Nygaards komposisjonar hadde stått seg på å bli framført slik han skreiv dei. Ei samanlikning mellom det trykte materialet og dei komposisjonane som vart innspelt i studio viser at det ikkje alltid er fullt samsvar. Det gjeld også for kategorien «Viser og vers», som Tom Willy Rustad har transkribert for denne utgivinga. Her ligg innspelingane til grunn for transkripsjonane.

 

Denne boken inneholder:

BRUREMARSJ

SØR-FRONSBRURA

Oddvar Nygaard skreiv to bruremarsjar. Denne vart skrive i 1982, men vart ikkje framført under bryllupsfesten den gongen. Jo-Asgeir Lie spelte inn marsjen på plata «Ekte døl» (2008).

 

VERS OG VISER 

 EIT  SLITI  KJØKENGOLV

Tekstene av Einar Hovdhaugen (1908-1996) vart trykt i samlinga «Vers og viser frå bondetunet» (1978). Oddvar Nygaard sette tone til fleire av desse dikta. Det er kjensler, tankar og stemningar i sinnet til ein fjellbonde. Desse tekstene hadde stor appell til Oddvar Nygaard. Innspelt av Anne Kristin Stakston på CD «Arv» (2001).

 GAMLE  VEGEN

Nygaard laga eit radioprogram saman med skodespelaren Per Tofte, der fleire av desse tekstene av Einar Hovdhaugen var presentert. Oddvar var programleiar, og han var glad i desse dikta av Hovdhaugen. Dei handla om «den store samanhengen i livet», slik han uttrykte det.

HESTGJETARBUA

Tekst av Johs. Ellefsæter,  far til Ole Ellefsæter. Nygaard skreiv «springar» på notearket. Innspelt på EP nr 8, (1969) med song av Ole Ellefsæter. Også innspelt av Anne Kristin Stakston på CD «Arv» (2001). 

HULDRESLÅTTEN

Guttorm P. Haugen frå Brumunddal både skreiv og måla, ikkje minst med inspirasjon frå Ringsakerfjellet og Åstdalen i Hedmark. Huldreslåtten med Ole Ellefsæter (1939-) låg lenge på VG-lista i 1966. Melodien gjekk i mange veker i «Ønskekonserten» og vart umåteleg populær.

MØTE VED UTGARDSLEET

Tekst av Einar Hovdhaugen. Teksta fortel om korleis to unge kunne møtast før i tida ved utgardsleet, der den gryande kjærleiken kunne vekse fram. Innspelt på LP nr 4 «Viser og gamle takter» (1967) med Oddvar Nygaards kvartett. Barnebarnet, Anne Kristin Stakston, song visa på CD «Arv». (2001)

HANS OG HÅNÅN

Denne visa av Pål Kluften (1888-1942) skreiv Kluften på ein eldre  springleiktone. Denne er lite kjent i dag. Oddvar laga melodien, som vart svært populær og brukt i lyd og lag, innspelt på plata LP nr 8 «I godt lag» (1969) med Ole Ellefsæter.  Også  innspelt av barnebarnet Anne Kristin Stakston på plata «Arv» (2001).

SKISPOR

Tekst: Guttorm P. Haugen. Visa vart innspelt på LP «Viser og gamle takter» (1967) med sang av Ole Ellefsæter. 

STORELGEN

Tekst: Guttorm P. Haugen. Ei vise om jakt og jaktkultur som mange kjenner seg att i. Storelgen blir felt og jaktlaget følgjer sin tradisjon, men elgkua står att. Innspelt på EP nr 5, (1968).

STORJUGER’N

Tekst: Guttorm P. Haugen. Innspelt i 1966 på EP nr 1. Ei lystig, folkeleg tekst.

TATERJENTA

Tekst: Einar Hovdhaugen. Nygaard har skrive «Sakte masurka-tempo». Innspelt på EP nr 3 (1966). Det var Gunnar Engedahl som song om «Taterjenta». Anne Kristin Stakston song visa på CD plata «Arv» (2001).

VILLMARKENS  MELODI 

Innspelt på EP nr 6 (1968). Børt Erik Thoresen song. Nygaard skreiv også innafor populærstilen, der song skulle vera med.

 

HALLING

SPELLMANNSHALLINGEN

Denne hallingen var tileigna Gudbrandsdølenes spelemannslag i Oslo. Fyrst var han døypt «Villfugl´n», da Oddvar meinte at bygdafolk som av ulike grunnar budde utanfor bygda var å sjå på som ville fuglar –  framande for sitt eige. Hallingen vart framført i eit radioprogram laget gjorde med Nygaard i 1985. Han komponerte hallingen i 1982. Innspelt med Sven Nyhus på LP «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986). 

 

MARSJ

HUNDORP-MARSJEN

Marsjen var tileigna Hundorp musikklag i 1950 og har  vore framført av musikklaget i seinare tid.

 

MASURKA

BALL  I  HUSKESTUGUN

«Ball» blir sagt om fest i Gudbrandsdalen. Ei «huskestugu» er ein møteplass der det kan gå kvekt for seg utpå natta. Oddvar Nygaard var fink til å namngi komposisjonane sine, ofte fargelagt av det gamle folke- og festlivet han sjølv voks opp med. Innspelt på LP 24  «I 60-årslag» (1979).

DELIRIUM

Konsertmasurka truleg komponert på 1930-talet. Nygaard komponerte fleire konsertstykke tidleg i karrieren, stykke som krev virtuositet på trekkspelet. Eit lokalt ord for «Delirium» er «ølkveisa», og da har det meste gått over styr! Innspelt av Jon Faukstad på plata «Ekte døl» (2008).

EKTE DØL

Oddvar Nygaard var usvikeleg knytt til heimbygda si, Sør-Fron, og til Gudbrandsdalen. Masurkaen «Ekte døl» er eit godt uttrykk for dette, og få kunne spele masurka som nettopp han. Innspelt med Sven Nyhus på plata «På dans med Oddvar Nygaard kvartett», LP 26 (1986).  

50- ÅRSDAGEN

Masurkaen låg lenge på VG-lista, og vart meir populær enn The Beatles i fleire veker. Året var 1969, da Oddvar Nygaards kvartett festa denne til platerillene. Denne skreiv han til sin eigen fødselsdag.  50-årsdagen vart innspelt på LP 11 «Vals te tusen» (1971). 

 FJELLMINNER

Konsertmasurka som fyrst vart kalla «Kvarvminnen». Kvarvet ligg inn mot fjellet på austsida i heimbygda Sør-Fron. Melodien vart utgitt på Norsk Schlagerforlag 1.12.1942. 

GAMMELFANTEN

Denne masurkaen vart endeleg namnsett våren 2018 og brukt av Mukampen spelmannslag på Landsfestivalen i Skjåk same året.  I si tid sette han «Gammelfanten» som namn på ein vals, men endra dette til «Oddvar Nygaards vals». Han spelte ikkje denne komposisjonen på plate. 

GLADE TONER

Denne masurkaen vart heller ikkje innspelt av Oddvar Nygaards kvartett. Det er ikkje kjent når denne masurkaen kom til. Melodien kom for ein dag da familien gjekk gjennom og systematiserte alle notene. 

GRANDIOSO

Det er ikkje kjent når denne vart komponert. Også denne kom for ein dag etter systematisert gjennomgang av heile notematerialet. Dette er ein vanleg dølamasurka i stiluttrykket. 

LEIRDØL’N

Dette er mellom dei melodiane han komponerte på 1980-talet. Alvhild, kona hans, og Oddvar gjekk innover Leirdalen mot Leirvassbu. «Det er så norsk», sa han i den mektige naturen i Jotunheimen, og masurkaen kom av seg sjølv etter denne påsketuren til Leirvassbu. 

LIVAT PÅ FRON

Utgitt i noteheftet «Te´ dans» (1971). Innspelt på «Oddvar Nygaards jubileumsplate» (1971). «Livat» er det same som «kvekt og livfullt» og speglar festlivet og dansen. 

MASURKA

Også denne masurkaen, komponert i 1983, er uinnspelt.  

MED SØLV I HÅRET

Han hadde ei sterk poetisk åre og var god til å namngi komposisjonane sine. Innspelt i 1976 på LP «De gamle er gamlast». 

NI-TIMENS MASURKA

Denne masurkaen heitte fyrst «Gamla på ball». Masurkaen er innspelt på EP, 1967. Det var viktig å tilpasse seg mediesamfunnet.

PÅ PONSBALL

Pons er ei blanding av «hembrent», sukker og varmt vatn. Det vart nok meir drukke før enn i vår tid, men det vart livat der ponsen kom fram. Innspelt på LP «På ponsball» (1977).

SETERJENTA

Konsertmasurka tileigna den gamle læremesteren og trekkspellegenden Ottar E. Akre (1896-1992). Han gjekk to somrar hos Olaf Knudsen i 1935 og 1936. Han tok timar med Ottar E. Akre somrane 1936,1937,1938 i Oslo. Oddvar Nygaard var med mor si, Magda Gryttingslien, fleire somrar da ho var budeie i Sør-Frons-fjellet.

SKÅRÅHOPPEN

Ved påskeleite, da det tek til å bli flekkbert, driv haren med sin paringsleik. På Trabelia i Venabygdsfjellet opplevde han dette saman med familien sin, og denne masurkaen kom frå denne opplevinga. Innspelt på plate «På dans med Oddvar Nygaards kvartett», der Sven Nyhus spelte fele (1986). 

TREKKSPILLKLUBBEN

Han sette stor pris på å øve med Fron trekkspelklubb, som han tok opptakta til saman med nokre trekkspelkameratar i 1975. Denne masurkaen er tileigna klubben, men vart ikkje innspelt.

UNGDOMMENS RADIOLÅT

Denne masurkaen vart fyrst kalla «Enkel og liketé», men vart seinare omdøypt til «Ungdommens radiolåt». Innspelt på LP «Veteranløpet» med Arnt Haugen (1978).

VILLROSEN

Konsertmasurka som han komponerte da han var 15 år. Innspelt fyrste gong i 1936 av Ottar E. Akre. Melodien vart innspelt på nytt med Skaus kvintett i 1942 med Severin Jevnakers «Lengselsvals» på baksida. Innspelt på Telefunken. Elles spelte Oddvar inn «Villrosa» i 1965 saman med  «Storjutul´n».

 

POLKA

DALE-GUDBRAND

Dale-Gudbrand er hersen som Snorre skriv om i kristningsmøtet på Hundorp i 1021. Oddvar Nygaard gjekk på Gudbrandsdalens folkehøgskule på 1930-talet og hugsa desse åra med glede. Innspelt på LP 12 i 1971 på «Oddvar Nygaards jubileumsplate».

DRIFT  I  SALA

Han skreiv mange gode polkaer. Denne vart spelt inn på LP nr 19, 1976. Plata fekk tittelen «De gamle er gamlast». Tittelen fortel om god feststemning litt utpå natta. 

DØLAGUBBEN

Denne polkaen vart spelt inn to gonger. Den fyrste var på EP nr 5, 1964 – utan det faste kompet, Finn Westby (gitar) og Håkon Nilsen (bass). «Dølagubbin» kom også på LP nr 2, 1966. Plata heitte «Gammeldans frå dal og fjell».

FJELLTJØNNJENTA

Denne polkaen vart ikkje innspelt. Dette var ei dåpsgåve til barnebarnet, Silje Nygaard Holen, som vart døypt 19.12.1982. 

GUST I VÆRET

Oddvar Nygaard likte seg godt når vêret ikkje var «det beste». Kvartetten spelte ikkje inn denne polkaen, men det vart gjort av Kvarts på samleplata «Ekte døl» (2008).

 I  NORDASNO

Denne tittelen spegla også korleis han kunne oppleve vêrlaget –  i meir enn ein forstand da helsa tok til å skrante. Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986), tileigna Sven Nyhus. 

JO GJENDE

Denne legendariske reinsskyttaren og fjellmannen inspirerte til denne melodien, laga fyrst på 1960-talet. Kvartetten spelte inn «Jo Gjende» på plate EP nr 10 (1966).

MÅRRÅFRESKEN

Denne melodien vart heller ikkje spelt inn, men kom for ein dag ved systematisk gjennomgang av alt materialet i ettertid. Det er uvisst når denne polkaen vart komponert, men truleg var det sist på 1970-talet. 

NYTT  FRÅ  BYGDOM

Innspelt på LP nr 12 (1971) på «Oddvar Nygaards jubileumsplate». I 1971 hadde kvartetten gitt ut 39 plateproduksjonar, og derfor vart dette den 40. og eit jubileum. I tillegg var det 45 år sidan han spelte på kommunelokalet i Sør-Fron kommune, der han debuterte som spelmann. «Nytt frå bygdom» vart tileigna «Opplandsradioen» på Lillehammer, som det vart sagt den gongen. 

ODDVARS  VM-POLKA

Ikkje innspelt på plate, men tileigna  Oddvar Brå etter ski-VM i Oslo, 1982.

OLA  KAMPENS  MINNE

Denne melodien vart kjent for eit stort publikum på plata «De gamle er gamlast» (1976). Ola Kampen (1883-1945) frå Tessanden i Vågå vart ein viktig durspelmann og tradisjonsutøvar. Han var også fjellførar i mange år i Jotunheimen. Det er mange melodiar han berga frå gløymsla. 

PÅ  BLÅE  LIVET

Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986), der Sven Nyhus spelte fele. Plata kom ut året etter han gjekk bort. Tittelen kan gi mange assosiasjonar til framdrift og driv i leiken og dansen – her går det unna med mange tonar i taktene.

PÅ  PRINSEHYTTA I SIKKILSDALEN

Innspelt med Fron trekkspelklubb i 1977 på plata «Trå takten», der Vågå trekkspelklubb var med på side 2. «Respektfullt tilegnet H.M. Kong Olav og kongefamilien».

SJÅRDALS-KAREIN

Denne finst på EP nr 9 (1965). «Sjårdals-karein»  var Halvdan Kluften, Arne Botten og Erling Steineide, ein sjårdøl, ein dovring og ein heidøl. Dei vann Norgesmesterskapet i skistafett fleire gonger på 1960-talet.

STOR-JUTUL’N

Denne mektige konsertpolkaen vart tileigna Enok Tangen frå Sollia. Enok var frå nabogarden til  garden Gran, der Alvhild Kulstad var frå. Ho vart gift med Oddvar. Granhaugen heitte garden der «Stor-Jutul´n» budde. Komposisjonen vart utgitt på EP nr 8 (1965) og vart laga i Sollia, vinteren 1943.

SÅ SVEITTEN HØLJA

«Det svinger i gammeldans» heitte plata som kom i 1976. Tittelen kjem frå danselokalet og treng ikkje forklaring – ein blir varm og sveitt når det går unna i dansen. 

TAKK FOR DANSEN

Oddvar Nygaard spelte til dans i rundt 60 år. Det er god skikk å takke for dansen. Melodien er ikkje spelt inn på plate. 

TYIN-POLKA

Gruppa Kvarts spelte inn denne polkaen på plata «Ekte døl» (2008).  Melodien vart sendt inn til konkurranse om «Tyin-melodien».

VED MIDNATTSLEITE

Polkaen vart spelt inn på plata «Anna på Haugsetvollen» (1973). Som tittelen fortel er denne inspirert av festlivet. Det var ved midtnattsleite det kokte mest på festlokalet.  

TIL MINE VENNER I ØNSKEKONSERTEN

Ein polka tileigna det populære radioprogrammet. Oddvar Nygaard skreiv denne på sist del av 1970-talet, men vart ikkje spelt inn på plate. 

 

REINLENDER

BIRKEBEINER’N

Denne reinlenderen er laga for durspel, og det går fram av korleis leiken er bygd opp. Tittelen gir assosiasjonar til rennet frå Rena til Lillehammer og den historiske bakgrunnen. Uinnspelt, men komponert siste halvdel av 1970-talet.

FJELLJENTA

100-årsjubileum for Gjendebu i Jotunheimen i 1971, den eldste turisthytta i Den Norske Turistforening. Oddvar Nygaard og Ola Opheim spelte til dans på jubileumsfesten , og «fjelljenta», Gjendine Slålien (1871-1972), var med og dansa springleik med Ola på festen. Innspelt på LP 23, «Veteranløpet» (1978). 

HAUGTUSSEN

Fleire komposisjonar er inspirert av dei underjordiske og folketru. Denne melodien er tileigna Akres trio. Oddvar sa sjølv at denne reinlenderen er blant dei beste han hadde laga, komponert innpå fjellet, og «den kom på en så rar måte at det er besynderlig. Den kom liksom ut av selve Blåhaugen», sa han. Innspelt på LP 19 «De gamle er gamlast». 

 HILSEN  FRA  ODDVAR  NYGAARD

Innspelt på LP nr 23 «Veteranløpet» (1978). Tileigna Toradertrioen i Hallingdal «med takk for hyggelig hilsen på plate med «Hans og hånån» (1977).

HO  ANNA  I  MOOM  –  ( «FRÅ  GAMMELTIOM»)

Innspelt på LP nr 1 «Frå gammeltiom» (1965). Ola laga masurkaen «Hilsen til Ingvild» til Nygaards yngste dotter, og Oddvar kvitterte med tittelen «Ho Anna i Moom». Ho er yngste dotter til Ola Opheim. Tittelen på plata vart «Frå gammeltiom», slik leiken heitte i fyrstningen. 

HULDRA  VED  VAKKERTJØNNA

Ein av mange komposisjonar med tittel frå folketrua. Innspelt på LP nr 6 (1968), på plata med same tittel som komposisjonen. 

HULDREDANS  PÅ  SETERVANGEN

Konsertreinlender laga i yngre år og trykt på Hermani forlag. Ikkje innspelt. 

I  60-ÅRSLAG

Ein svært omtykt komposisjon, som er mykje brukt av fleire utøvarar i dag. Innspelt på LP nr 24 «I 60-årslag» (1979) med Sven Nyhus på fele.  

20-ÅRSJUBILEUM PÅ BEITOSTØLEN

Dette jubiléet i 1984 var for Helsesportsenteret på Beitostølen.  Komposisjonen er tileigna Erling Stordahl og pionerarbeidet hans. Eignar seg for durspel. Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986).

NATTRANGLAR’N

LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett». Det vart sjølvsagt mykje nattarbeid gjennom eit langt spelmannsliv og seint før ein fekk lagt seg etter ei dansespeling.  

PÅ  RONDESLOTTET

Oddvar Nygaard var glad i fjella austafor Gudbrandsdalen, Sollia, Atndalen og Rondane. Innspelt på LP nr 11 «Vals te tusen» (1971), også innspelt på EP nr 19 same året. 

PÅ  SPARKET

I 1972 vart det produsert eit fjernsynsprogram om spelmannen og komponisten. Produsent Lasse Thorseth foreslo at hovudpersonen skulle komponere ein melodi mens opptaka vart gjort. Derfor fekk reinlenderen denne tittelen. Han sat i friluft i heimbygda Sør-Fron med tusjpennen og notearket. Innspelt på LP nr 13 «På sparket». (1972) 

SLIPSTEINEN

Innspelt av gruppa «Kvarts» i 2008. Fleire av komposisjonstitlane hans er henta frå det tradisjonelle arbeidslivet før i tida, slik som slipsteinen. Den runde steinen vart brukt for å kvekja (kvesse) ljåen.

STOREGUT

Denne er skrive til svigersonen Knut Stakston (1941-), og er innspelt på EP nr 2, 1964. 

STYGGEN  I  HULDERHAUGA

Innspelt av gruppa «Kvarts» på plata «Ekte døl» (2008). Tittelen spelar på underjordsfolket – ein av mange melodiar som er inspirert av natur og folketru.

TROLLKATTEN

Trollkatten var eit vesen som drog mjølk til gards frå kyrne i nabolaget. Om morgonen på fine sommardagar kan vi sjå «trollkattspytt», eit kvitt frau på graset. Før heitte komposisjonen «Gust i været», jf polkaen med det namnet. Innspelt på CD «Det gror i gamle spor» med Fron trekkspelklubb (1995). 

TROND  I  VALFJELL

Oddvar Nygaard skreiv dette: «Kveldsvinnermelodi i NRK TVs konkurranse «Nye melodier i gammel takt». Framført på Ringve museum i 1976 av komponisten saman med Asmund Bjørkens ensemble. Innspelt på LP nr 21 «På ponsball» (1977). 

VED  ESSANDSJØEN

Innsjøen ligg i Tydalen, der kvartetten spelte på arrangementet «Karolinerløpet» til minne om dei mange soldatane som omkom i snøstorm etter ei katastrofal tilbaketrekning til Sverige i 1719. 

 

POLS

HELSING  ÅT’N  GLÅMOS-SIGNE

Signe Trønnes budde på bruket «Flaten» ved utløpet av Aursunden. Ola Opheim og Oddvar Nygaard fekk overnatting der ein gong dei spelte på Glåmos. Det var to ting ho hugsa frå det året, det eine var at vatnet fraus om vinteren, og det andre at Ola og Oddvar spelte til dans! 

 

SPRINGLEIK

FURUKRAGGEN

Innspelt på plata «Ekte døl» med Kvarts (2008). Springleiken er tileigna Øystein Rudi til bruk på Landskappleiken på Kongsberg i 1983.  Øystein var da 14 år. Leiken er laga same året.  

SELJEFLØYTA

Johan Dalseg (f.1932-) på Sør-Fron er felespelar, gardbrukar og treskjerar. Denne springleiken er resultatet av eit arbeidsbyte. Oddvar likte å skjera i tre, og Johan hadde treskjerarkurs. Johan hadde behov for ein ny springleik til Landskappleiken, 1970. Springleiken er innspelt på plata «Den Lykkelige Frier» med Sør-Fron spelemannslag (1991).

 

TANGO

HØR  FIOLINEN

Oddvar likte godt felespel – klangen og uttrykket. Denne tangoen er innspelt på plata «Ekte døl» (2008), men er komponert i yngre år. 

TANGO  DOLOROSA

Oddvar Nygaard spelte moderne dansemelodiar i alle uttrykk, og enne tangoen er komponert i 1975, lenge etter at han var landskjent som komponist og utøvar. Nygaard kalla også denne tangoen for «Attrå». 

 

VALS                   

DANS  I  GAMMELSTUGUN

Denne valsen er innspelt i debutåret for plateproduksjonen  i 1964. Valsen vart innspelt utan gitar og bass. Dette er ein hyllest til småfestane som det var mange av i heimebygda Sør-Fron. Innspelt på EP nr 3. Det var dette samspelet som vart kalla «Nygaardssjokket» – noko nytt kom inn i norsk runddansspel. 

DØLAVALSEN

Tidleg komposisjon for piano og trekkspel, der pianoet var akk.instrument. Dette var repertoar som han brukte i tillegg til konsertmusikk av Frosini og Deiro. Ikkje innspelt.

FRONSVALSEN

Ein usvikeleg kjærleik til Fron og Gudbrandsdalen ligg til grunn for komposisjonane hans. Denne er innspelt på LP nr 15 «Anna på Haugsetvollen» (1973).

GUDBRANDSDALSVALSEN

Innspelt på EP nr 10, 1966 med kvartetten og seinare med Fron trekkspelklubb i 1977. Plata heitte «Trå takten». Dette er ein konsertprega vals han sette høgt. Oddvar komponerte valsen da han var 20 år.

KULTURARVEN

Innspelt på LP nr 23 «Veteranløpet» (1978). Komponert i 1974 i samband med at han fekk kulturprisen for Gudbrandsdalen same året. 

MAIHAUGVALSEN

Valsen er innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» – tileigna NRK Oppland i 1982.

NM-VALSEN

Fron trekkspelklubb spelte inn valsen på plate i 1977, «Trå takten» heiter LP-plata. Komponert til NM i hopp på Fåvang (1976), der kvartetten hadde dansespeling. 

NORDLYSNATT

Konsertvals innspelt på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008) av Jon Faukstad. Nygaard var av dei få i Gudbrandsdalen som beherska moderne danserytmer og konsertmusikk. Valsen er tileigna trekkspelaren Arnstein Johansen.

ODDVAR  NYGAARDS  VALS

Ikkje innspelt, men er før trykt  i noteheftet «Te dans» (1971).

PÅ  ROMJULSBALL

Denne komposisjonen er innspelt på CD med Kvarts «Ekte døl» (2008). Tittelen er sjølvforklarande. Trykt i noteheftet «Svingom» (1974). 

PÅ  SMÅSTUGUBALL

Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986).Tittelen er henta frå tidlegare samværsformer i grendene. Dette var ein fin måte å møtast på over generasjonane.

RONDEBRURA

Bakgrunnen for denne tittelen er uviss. Valsen er mykje brukt av lag og grupper. Innspelt på LP nr 1 «Frå gammelti´om» (1965) og plateomslaget har motiv frå Sjølisetra ved Atnsjøen i Sollia med utsyn mot Rondane. 

60-ÅRSVALSEN

Valsen er ikkje innspelt, men kom for ein dag i seinare tid etter systematisk gjennomgang av notestoffet. Kanskje er valsen skrive i 1979, da han fylte 60 år?    

SLUSKEVALSEN

Oddvar Nygaard likte folk med særpreg, profil og karakter – folk som hadde ein råkande god replikk som han sjølv. Valsen er inspirert av veg- og anleggsslusken før i tida og er innspelt av Tom Willy Rustad på CD «Ekte døl» (2008). Eignar seg for durspel.  

SMED-JENS MINNE

Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986). Ei hylling til Røros-tradisjonen, folket og musikken innpå fjellet. Smed-Jens var storspelmann og arbeidde i gruvene på Røros.

SPELLEMANNSVALSEN

Innspelt på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008), men trykt i bladet Rytme (1942). Tittelen fortel at han frå tidlege år var oppteken av spelmannen, ikkje berre av det å bli musikar. 

STOR-JOHANS  VALS

Innspelt på LP nr 12 «Oddvar Nygaards jubileumsplate» (1971). Stor-Johan (1844-1946) var av dei reisande og han fekk mange etterkomarar. Det hende at det var innom reisande i heimen hans i Sør-Fron. 

SØLVBRURA

Det er ein ukjent bakgrunn for denne valsen, som vart spelt inn  på plate LP 7, «Dansen går» (1969).                       

TIL VENNENE AV GAMMELDANS

Oddvar Nygaard hadde sin eigen kvartett i vel 20 år, og det vart uvanleg mange dansespelingar med eit stort publikum. Valsen er ikkje innspelt.           

VALSE  AMOURETTE

Dette er ein  konsertvals, som syner at Nygaard hadde ein vid musikalsk horisont heile livet. Truleg komponert i ungdomsåra, og valsen vart seinare innspelt av Jon Faukstad på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008). 

VALSEN  TIL  SOLLIA

Heller ikkje denne valsen vart innspelt, men det viser seg at valsen vart laga til 300-årsjubiléet for Sollia i 1984. Dette var ein av dei siste komposisjonane han gjorde.

VALS  TE’  TUSEN

Oddvar Nygaard vann NRKs melodikonkurranse i 1970 med denne komposisjonen. Premien var kr 3000, så valsen vart spøkefullt kalla «Vals til 3000» i ettertid. Innspelt på LP nr 11 «Vals te tusen» (1971) og på EP nr 19 same året.  

VI  OVER  60

Denne melodien vart tileigna fjernsynsprogrammet «Husker du», der Odd Grythe var programleiar. Melodien vart ikkje innspelt og kom som mange andre komposisjonar  for dagen etter ein endeleg gjennomgang av alt notestoffet. 

Additional information

Weight 1100 g
Dimensions 29.7 × 21 × 1.5 cm
Forlag

Format

, ,

Genre