fbpx

Matre, Ørjan (arr.): Der sola renn i himmelrand

kr 45

Arrangert for to kor (SATB/SATB) a cappella.

Beskrivelse

Om Der sola renn i himmelrand

Der sola renn i himmelrand er arrangert for to kor (SATB/SATB) a cappella, av Ørjan Matre. Teksten ble skrevet av Coelius Sedulius i det 5. århundret, oversatt til engelsk av  den britiske presten, læreren og salmedikteren John Mason Neale (1818-1866). Norsk oversettelse ved Arve Brunvoll.


Til gjennomsyn:

 

Arrangementet kombinerer norsk (eventuelt engelsk) oversettelse sammen med den originale latinske teksten.

Der sola renn i himmelrand:

1. Der sola renn i himmelrand,
og alt til ytste grenseland,
for Kristus, kongen, syng i kor,
han som vart fødd då møy vart mor!

2. Med velde skapte han vår verd,
men kjem i tenarlekam her.
Med kjøtet vil han kjøtet fri
og berga oss til evig tid!

3. Den Høgstes kraft og himlens fred
med Herrens Ande no stig ned.
Og utan mann vert sonen til,
ved ordet skjer det Herren vil.

4. Eit urørt hus, eit audmjukt rom,
vert til Guds eigen heilagdom.
Den løyndom møya ber i fang,
skal prisast i ei æve lang.

5. Ho fødde barnet som ho bar,
av Gabriel han lova var,
han som Johannes helsa glad,
som mor hans signa med sitt kvad.

6. No jublar heile himlens kor,
og englar syng Guds pris på jord.
Til hyrdingane ber dei bod
om hyrdingen, vår Skapar god.

7. Du Fader, vere lov og ros,
og Ande, du vår trøyst, vårt ljos,
og du, vår Frelsar, du Guds Son,
som er i æva all vår von!

Amen.

Andre utgivelser av Ørjan Matre

Tilleggsinformasjon

Vekt 65 g
Dimensjoner 29.7 x 21 x 0.2 cm
Ensemble

,

Forlag

Format

Genre

,