fbpx

RAGNAR BJERKREIM: Musikk til ein klode

kr 295

101 utvalgte sanger av Ragnar Bjerkreim.

Melodilinje og besifring (og pianoakkopagnement på noen av sangene).

Description

RAGNAR BJERKREIM: Musikk til ein klode kom for første gang ut i 2008. Den nye boka er revidert og utvidet og inneholder nå 101 sanger.

Hør intervju med Ragnar Bjerkreim på NRK Rogaland hvor han snakker om boka! Klikk her.

Forord

Denne boka inneheld eit utval av mine songar, melodiar og tema. Stoffet er lagt til rette for kulturskular, grunn- og vidaregåande skular. Her er enkle tema og songar som er lette å framføra både vokalt og instrumentalt.

Ønsket er at dette materialet kan inspirera folk til å synge og spele. Musikken er primært arrangert for melodistemme med besifring og tekst. Det har ført til forenklingar av originalverket. Eg har teke bort mykje av arrangementa, men lete kjernetema eller grunnmelodien stå igjen.

Ein god del av musikken i denne boka er innspelt, og det er vist til kva for eit album/CD verket finst på. Bak i boka er min diskografi.

Boka er tematisk inndelt. Eg har arbeidd med musikk til fjernsyn, film, kyrkje, teater og born, noko inndelinga gjenspeglar. Musikken i dette heftet har vore framført i radio, fjernsyn, film og kino, men også i teater, på ulike konsertar og i kyrkjeleg samanhang.

Målet med noteboka er at desse tonane også kan bli gjenskapte og få ein ny bruk i skular, verksemder, forsamlingar, foreningar og heimar.

Lukke til!


RAGNAR BJERKREIM: Musikk til ein klode – til gjennomsyn:


Om komponisten:

Ragnar Bjerkreim (f.1958) er fødd og oppvaksen i Bjerkreim i Sør-Rogaland. I barne- og ungdomsåra fekk han piano- og orgelundervisning samstundes som han var utøvande musikar og kordirigent. Han har hovudfag i musikk frå Universitetet i Oslo.

Bjerkreim har skrive musikk til film, fjernsyn, teater, kor, viser og songar for barn. Med musikken til filmane Kamilla og Tyven (1988/89) og fjernsynsserien The Kon-Tiki Man (1989) etablerte han seg som ein av dei leiande mediekomponistane i Noreg. Han har også laga jinglar for NRK, musikk til reklame og til ei rekkje fjernsynsseriar og fjernsynsprogram.

Bjerkreim er særleg kjent for musikken til Jakten på Nyresteinen og Velsigning frå Missa CaritatisVelsigning sungen av Bodil Arnesen, Kamilla og Sebastian og Jungle of Beliefs framført av Morten Harket, er blant hans mest framførte låtar på nettet og i radio. Han har over 400 verk registrert i TONO, og mykje av hans musikk er innspelt.

Andre utgivelser av Ragnar Bjerkreim

 

Additional information

Weight 660 g
Dimensions 29.7 × 21 × 1.8 cm
Forlag