fbpx

KNUT VAAGE: Medusa

kr 198

for solo fløyte

Description

for solo fløyte

til Ingela

(NMO15160 / Partitur)


Komponist Knut Vaage og fløytist Ingela Øien har hatt eit langvarig og omfattande samarbeid. Ingela har bestilt og urframført fleire verk opp gjennom åra.
Stykket Elektra II med omfattande elektronikk og vulkansk videokunst vart komponert og urframført i 2003 inspirert av den greske myta om Elektra.

For å markera Øien sine 40 år i BFO skreiv Vaage verket «Janus» til fløytisten hausten 2022. Tittelen «Janus» viser til mytologien.
Dette verket vart urframført av Ingela i Grieghallen saman med Bergen filharmoniske orkester i oktober 2022.

Samarbeidet mellom Øien og Vaage førte til dette solostykket for fløyte, «Medusa», det tredje verket til Ingela med idéar som bygger på myter frå antikken.
Monsteret Medusa er kjent frå gresk mytologi som den farlege kvinna som kunne gjera menneskjer om til stein med sitt slangehår.

«Medusa» blei urframført på BIT20 Ensemble sin konsertserie i februar 2023 med utvalte verk komponert av Vaage spesielt for Øien i tidsrommet 1994-2023.

«Medusa» og «Janus» vil bli utgitt på CD med LAWO Classics.

Additional information

Weight 150 g
Dimensions 29.7 × 21 × 0.5 cm
Ensemble

Forlag

Format

Genre