fbpx

Hausten på garden – Nynorsk

kr 249

Finnes også utgitt på bokmål.

Description

Hausten på garden er ei pianobok for nybyrjarar i alderen 5 til 7 år, og har form som ei bildebok. Elevane lærer å spele piano ved å følgje boka sine mange forteljingar om karakterane Pling, Plong og pianolærar Ko-Ko.

«Vi ynskjer at denne boka skal gje mange fine musikkopplevingar. Boka består av samspelsarrangement, musikkteori, aktivitetar, musikkformidling gjennom forteljingar, og pianotekniske øvingar. Vi har lagt vekt på aktivitetar der eleven kan vere skapande gjennom komposisjon og improvisasjon. Boka har inga bestemt sjangerretning då vi ynskjer at eleven sitt første møte med piano skal vere ope og utforskande. Vi håpar at boka kan gje elevane ein smakebit på dei uendelege moglegheitene ein har som pianist. Repertoaret i boka er hovudsakleg arrangert av oss med unntak av bestillingsverka. For at samspel skal stå i sentrum, er alt repertoar arrangert for firhendig.

Gjennom observasjon i kulturskular, talentprogram og eigen undervisningspraksis har vi først og fremst prøvd å skreddersy ei bok som passar til ein kulturskulelærar sin hektiske kvardag. Tanken med boka er at den skal vere morosam å bruke i nybyrjaropplæringa, og passe til individuell- og gruppeundervisning»

Digitale ressursar: www.pianoarstidene.no

Hør sangene der du streamer musikk: https://li.sten.to/hostenpagarden

Læreboka er utgjeven på bokmål òg: Høsten på gården

Sjå utdrag frå boka:

Additional information

Weight 200 g
Dimensions 21 × 21 × 0.3 cm

You may also like…