Knut Vaage om urfremføringen av «Orkesterdialogar»

Knut Vaage om urfremføringen av «Orkesterdialogar»

Knut Vaage har komponert verket Orkesterdialogar som skal urfremføres med Stavanger Symfoniorkester og dirigent Eivind Gullberg Jensen. Premieren er allerede på torsdag 5. april i Stavanger Konserthus. Komposisjonen har blitt til i tett samspill mellom dirigent og komponist. Forlaget er delaktig i bestillingen av verket, og vi har slått av en liten prat med komponisten!

Knut Vaage. Foto: Observatoriet

Hva er historien bak Orkesterdailogar?
Etter fleire år med godt samarbeid har det vakse fram eit gjensidig ynskje mellom dirigent Eivind Gullberg Jensen og meg, om å gjennomføra ei urframføring saman. Me ville ha ein tett dialog i alle fasar av verket si utvikling. Målet er å oppnå best moglege notasjonsmetodar med tanke på den stramme innstuderingstida for orkesterverk: Korleis kan ein på enklast mogleg måte oppnå best mogleg uttrykk?

Hva har inspirert deg spesielt?
Dialog og samarbeid er ein grunnleggjande inspirasjon i verket ”0rkesterdialogar”. Fokuset på dialog skjer både gjennom eit ynskje om å skapa ulike former for forpliktande samarbeid med dei involverte kreftene, men også gjennom at dialogen påverkar sjølve utforminga av musikken.

Er ditt utgangspunkt i henhold til dialog som metode hørbar i musikken?
Ja, dialogen påverkar sjølve utforminga av musikken. Undervegs i orkestersatsen oppstår fleire små dialogar mellom solistane, så vel som dialogar mellom gruppene i orkesteret. Nokre kortfatta idear, og eit avgrensa harmonisk og melodisk materiale blir påverka undervegs slik at det stadig endrar seg. Monologen blir tona kraftig ned i musikken sin retorikk.

Hvordan har din relasjon til Eivind Gullberg Jensen påvirket utforminga av verket?
Eivind tok initiativet til ”Orkesterdialogar”. Me kjenner kvarandre godt, og har hatt ein open samtale gåande over fleire år.  Dialogen omkring dette verket har gått utover det reint praktiske, og omfatta uttrykk og estetikk. Me har hatt samtalar omkring utvalde verk frå orkesterlitteraturen, der me ville diskutera tradisjonen for å sjå den i samanheng med korleis det kan dyrkast fram eit personleg og spesifikt uttrykk i eit nytt verk. Innspel frå Eivind har manifestert seg i partituret.

Har du møtt på spesielle utfordringer i prosessen?
Det tyngste var vel å manna seg opp til å byrja å skriva. Når eg først kom i gang, gjekk det fint framover. På eit tidspunkt måtte eg gjera nokre større og mindre justeringer, men utan at eg kjente det som vanskeleg.

Har uttrykket blitt annerledes enn forventet?
Det måtte vera at eg i dette stykket har brukt mindre materiale enn eg pleier. Har prøvd å rydda litt i innfall og idear. Dessutan vart eg overraska over kor interessant det er å ta inn over seg dei gamle mesterne Mahler og Sibelius på nytt. Eg har ikkje sitert dei direkte, men prøvd å finna fram til idear som ligg til grunn for deira musikk.

Forlaget ønsker lykke til med konsertene!


Billetter

Program for konserten i sin helhet:

Vaage: Orkesterdialogar (urframføring)
Britten: Klaverkonsert (1945)
Sibelius: Symfoni nr 1, e-moll, op. 39

Dirigent: Eivind Gullberg Jensen
Solist: Leif Ove Andsnes, piano

Billetter kan kjøpes på Billettportalen.no.

Datoer:
5. april – Stavanger Konserthus
6. april – Stavanger Konserthus
7. april – Stord Kulturhus – Utsolgt!

 

 

Skriv kommentar

Din e-postadresse vil ikke være synlig. Påkrevde felter er markert med *