Produktdetaljer
  • Varenummer: MH3800
  • Kategori: Trekkspill
  • Produkttype: Fysisk
  • Arrangementstype: Melodi/Akkorder
  • Instrument: Trekkspill
  • Tema/Sjanger: Norsk musikk, Viser og folkemusikk

Nygaard i 100

Kategori: Trekkspill
Arrangementstype: Melodi/Akkorder
Instrument: Trekkspill

Oddvar Nygaard frå Sør-Fron i Gudbrandsdalen levde av musikken sin. Han flytta aldri frå bygda og hadde den lokale folkemusikktradisjonen som ballast frå tidlege år. Han lærte tidleg å spele trekkspel, og han lærte fort. Sjølv sa han at han heldt fast ved same stilen i alle år ? ein eigen spelestil inspirert av den lokale folkemusikken. Ein rik ornamentikk frå feleuttrykket med bruk av ein borduntone i diskanten på trekkspelet prega framføringa. Inspirasjonen frå felespelet i Gudbrandsdalen gav grobotn for den særeigne spelestilen hans.

Denne notesamlinga inneheld komposisjonar som vart til over eit tidsrom på rundt 50 år. Oddvar Nygaard hadde eit musikarliv frå debuten som utøvar før han fylte 10 år til han gjekk bort 21. april 1985, nesten 66 år gammal. Parallelt med aktiv utøving laga han melodiar med mange ulike uttrykk frå konsertstykke til visetonar og moderne dansemusikk som tango og foxtrot, springleikar og ikkje minst mange runddansmelodiar. Som utøvar spelte han både klassisk musikk og komposisjonar av trekkspelvirtuosane Pietro Frosini (1885-1951) og Pietro Deiro (1886-1950) og andre. Nygaard var tidleg svært allsidig, sjølv om han for eit større publikum kanskje er mest kjent som trekkspelar i sin eigen kvartett, Oddvar Nygaards kvartett, der Ola Opheim var den faste medspelaren på fele. Dette samspelet vara i 21 år og førte med seg ei mengd plateproduksjonar frå 1964 til den siste plata som kom ut i 1986, året etter at han gjekk bort.

Utvalet i denne notesamlinga representerer dei sjangrane han skreiv innafor. Somme av desse stykka er teknisk krevjande å spele, medan andre er lettare å få tak på. Notane til desse komposisjonane er ikkje lenger er å få tak i. Derfor er denne utgivinga på sin plass 100 år etter at han vart fødd, 23. juli 1919. Det bør gi denne notesamlinga stor bruks- og dokumentasjonsverdi.

Vi har også vald å trykkje nokre handskrivne noter frå notepennen hans for å gi samlinga større autentisitet. Ettertida har vist at fleire av Nygaards komposisjonar hadde stått seg på å bli framført slik han skreiv dei. Ei samanlikning mellom det trykte materialet og dei komposisjonane som vart innspelt i studio viser at det ikkje alltid er fullt samsvar. Det gjeld også for kategorien «Viser og vers», som Tom Willy Rustad har transkribert for denne utgivinga. Her ligg innspelingane til grunn for transkripsjonane.

  • Varenummer: MH3800
  • Kategori: Trekkspill
  • Produkttype: Fysisk
  • Arrangementstype: Melodi/Akkorder
  • Instrument: Trekkspill
  • Tema/Sjanger: Norsk musikk, Viser og folkemusikk

SØR-FRONSBRURA
EIT SLITI KJØKENGOLV
GAMLE VEGEN
HESTGJETARBUA
HULDRESLÅTTEN
MØTE VED UTGARDSLEET
HANS OG HÅNÅN
SKISPOR
STORELGEN
STORJUGERN
TATERJENTA
VILLMARKENS MELODI
SPELLMANNSHALLINGEN
DELIRIUM
EKTE DØL
50-ÅRSDAGEN
FJELLMINNER
GAMMELFANTEN
GLADE TONER
GRANDIOSO
LEIRDØLN
LIVAT PÅ FRON
MASURKA
MED SØLV I HÅRET
NI-TIMENS MASURKA
PÅ PONSBALL
SETERJENTA
SKÅRÅHOPPEN
TREKKSPILLKLUBBEN
UNGDOMMENS RADIOLÅT
VILLROSEN
DALE-GUDBRAND
DRIFT I SALA
DØLAGUBBEN
FJELLTJØNNJENTA
GUST I VÆRET
I NORDASNO
JO GJENDE
MÅRRÅFRESKEN
NYTT FRÅ BYGDOM
ODDVARS VM-POLKA
OLA KAMPENS MINNE
PÅ BLÅE LIVET
PÅ PRINSEHYTTA I SIKKILSDALEN
SJÅRDALS-KAREIN
STOR-JUTULN
SÅ SVEITTEN HØLJA
TAKK FOR DANSEN
TYIN-POLKA
VED MIDNATTSLEITE
TIL MINE VENNER I ØNSKEKONSERTEN
BIRKEBEINERN
FJELLJENTA
HAUGTUSSEN
HILSEN FRA ODDVAR NYGAARD
HO ANNA I MOOM ( «FRÅ GAMMELTIOM»)
HULDRA VED VAKKERTJØNNA
HULDREDANS PÅ SETERVANGEN
I 60-ÅRSLAG
20-ÅRSJUBILEUM PÅ BEITOSTØLEN
NATTRANGLARN
PÅ RONDESLOTTET
PÅ SPARKET
SLIPSTEINEN
STOREGUT
STYGGEN I HULDERHAUGA
TROLLKATTEN
TROND I VALFJELL
VED ESSANDSJØEN
FURUKRAGGEN
SELJEFLØYTA
HØR FIOLINEN
TANGO DOLOROSA
DANS I GAMMELSTUGUN
DØLAVALSEN
FRONSVALSEN
GUDBRANDSDALSVALSEN
KULTURARVEN
MAIHAUGVALSEN
NM-VALSEN
NORDLYSNATT
ODDVAR NYGAARDS VALS
PÅ ROMJULSBALL
PÅ SMÅSTUGUBALL
RONDEBRURA
60-ÅRSVALSEN
SLUSKEVALSEN
SMED-JENS MINNE
SPELLEMANNSVALSEN
STOR-JOHANS VALS
SØLVBRURA
TIL VENNENE AV GAMMELDANS
VALSE AMOURETTE
VALSEN TIL SOLLIA
VALS TE TUSEN
VI OVER 60

----------

- INNHOLD MED BESKRIVELSER -

BRUREMARSJ


SØR-FRONSBRURA


Oddvar Nygaard skreiv to bruremarsjar. Denne vart skrive i 1982,
men vart ikkje framført under bryllupsfesten den gongen. Jo-Asgeir Lie
spelte inn marsjen på plata «Ekte døl» (2008).


 


VERS OG VISER 


 EIT  SLITI  KJØKENGOLV


Tekstene av Einar Hovdhaugen (1908-1996) vart trykt i samlinga
«Vers og viser frå bondetunet» (1978). Oddvar Nygaard sette tone til
fleire av desse dikta. Det er kjensler, tankar og stemningar i sinnet
til ein fjellbonde. Desse tekstene hadde stor appell til Oddvar Nygaard.
Innspelt av Anne Kristin Stakston på CD «Arv» (2001).


 GAMLE  VEGEN


Nygaard laga eit radioprogram saman med skodespelaren Per Tofte,
der fleire av desse tekstene av Einar Hovdhaugen var presentert. Oddvar
var programleiar, og han var glad i desse dikta av Hovdhaugen. Dei
handla om «den store samanhengen i livet», slik han uttrykte det.


HESTGJETARBUA


Tekst av Johs. Ellefsæter,  far til Ole Ellefsæter. Nygaard
skreiv «springar» på notearket. Innspelt på EP nr 8, (1969) med song av
Ole Ellefsæter. Også innspelt av Anne Kristin Stakston på CD «Arv»
(2001). 


HULDRESLÅTTEN


Guttorm P. Haugen frå Brumunddal både skreiv og måla, ikkje minst
med inspirasjon frå Ringsakerfjellet og Åstdalen i Hedmark.
Huldreslåtten med Ole Ellefsæter (1939-) låg lenge på VG-lista i 1966.
Melodien gjekk i mange veker i «Ønskekonserten» og vart umåteleg
populær.


MØTE VED UTGARDSLEET


Tekst av Einar Hovdhaugen. Teksta fortel om korleis to unge kunne
møtast før i tida ved utgardsleet, der den gryande kjærleiken kunne
vekse fram. Innspelt på LP nr 4 «Viser og gamle takter» (1967) med
Oddvar Nygaards kvartett. Barnebarnet, Anne Kristin Stakston, song visa
på CD «Arv». (2001)


HANS OG HÅNÅN


Denne visa av Pål Kluften (1888-1942) skreiv Kluften på ein
eldre  springleiktone. Denne er lite kjent i dag. Oddvar laga melodien,
som vart svært populær og brukt i lyd og lag, innspelt på plata LP nr 8
«I godt lag» (1969) med Ole Ellefsæter.  Også  innspelt av barnebarnet
Anne Kristin Stakston på plata «Arv» (2001).


SKISPOR


Tekst: Guttorm P. Haugen. Visa vart innspelt på LP «Viser og gamle takter» (1967) med sang av Ole Ellefsæter. 


STORELGEN


Tekst: Guttorm P. Haugen. Ei vise om jakt og jaktkultur som mange
kjenner seg att i. Storelgen blir felt og jaktlaget følgjer sin
tradisjon, men elgkua står att. Innspelt på EP nr 5, (1968).


STORJUGER’N


Tekst: Guttorm P. Haugen. Innspelt i 1966 på EP nr 1. Ei lystig, folkeleg tekst.


TATERJENTA


Tekst: Einar Hovdhaugen. Nygaard har skrive «Sakte
masurka-tempo». Innspelt på EP nr 3 (1966). Det var Gunnar Engedahl som
song om «Taterjenta». Anne Kristin Stakston song visa på CD plata «Arv»
(2001).


VILLMARKENS  MELODI 


Innspelt på EP nr 6 (1968). Børt Erik Thoresen song. Nygaard skreiv også innafor populærstilen, der song skulle vera med.


 


HALLING


SPELLMANNSHALLINGEN


Denne hallingen var tileigna Gudbrandsdølenes spelemannslag i
Oslo. Fyrst var han døypt «Villfugl´n», da Oddvar meinte at bygdafolk
som av ulike grunnar budde utanfor bygda var å sjå på som ville fuglar –
 framande for sitt eige. Hallingen vart framført i eit radioprogram
laget gjorde med Nygaard i 1985. Han komponerte hallingen i 1982.
Innspelt med Sven Nyhus på LP «På dans med Oddvar Nygaards kvartett»
(1986). 


 


MARSJ


HUNDORP-MARSJEN


Marsjen var tileigna Hundorp musikklag i 1950 og har  vore framført av musikklaget i seinare tid.


 


MASURKA


BALL  I  HUSKESTUGUN


«Ball» blir sagt om fest i Gudbrandsdalen. Ei «huskestugu» er ein
møteplass der det kan gå kvekt for seg utpå natta. Oddvar Nygaard var
fink til å namngi komposisjonane sine, ofte fargelagt av det gamle
folke- og festlivet han sjølv voks opp med. Innspelt på LP 24  «I
60-årslag» (1979).


DELIRIUM


Konsertmasurka truleg komponert på 1930-talet. Nygaard komponerte
fleire konsertstykke tidleg i karrieren, stykke som krev virtuositet på
trekkspelet. Eit lokalt ord for «Delirium» er «ølkveisa», og da har det
meste gått over styr! Innspelt av Jon Faukstad på plata «Ekte døl»
(2008).


EKTE DØL


Oddvar Nygaard var usvikeleg knytt til heimbygda si, Sør-Fron, og
til Gudbrandsdalen. Masurkaen «Ekte døl» er eit godt uttrykk for dette,
og få kunne spele masurka som nettopp han. Innspelt med Sven Nyhus på
plata «På dans med Oddvar Nygaard kvartett», LP 26 (1986).  


50- ÅRSDAGEN


Masurkaen låg lenge på VG-lista, og vart meir populær enn The
Beatles i fleire veker. Året var 1969, da Oddvar Nygaards kvartett festa
denne til platerillene. Denne skreiv han til sin eigen fødselsdag.
 50-årsdagen vart innspelt på LP 11 «Vals te tusen» (1971). 


 FJELLMINNER


Konsertmasurka som fyrst vart kalla «Kvarvminnen». Kvarvet ligg
inn mot fjellet på austsida i heimbygda Sør-Fron. Melodien vart utgitt
på Norsk Schlagerforlag 1.12.1942. 


GAMMELFANTEN


Denne masurkaen vart endeleg namnsett våren 2018 og brukt av
Mukampen spelmannslag på Landsfestivalen i Skjåk same året.  I si tid
sette han «Gammelfanten» som namn på ein vals, men endra dette til
«Oddvar Nygaards vals». Han spelte ikkje denne komposisjonen på plate. 


GLADE TONER


Denne masurkaen vart heller ikkje innspelt av Oddvar Nygaards
kvartett. Det er ikkje kjent når denne masurkaen kom til. Melodien kom
for ein dag da familien gjekk gjennom og systematiserte alle notene. 


GRANDIOSO


Det er ikkje kjent når denne vart komponert. Også denne kom for
ein dag etter systematisert gjennomgang av heile notematerialet. Dette
er ein vanleg dølamasurka i stiluttrykket. 


LEIRDØL’N


Dette er mellom dei melodiane han komponerte på 1980-talet.
Alvhild, kona hans, og Oddvar gjekk innover Leirdalen mot Leirvassbu.
«Det er så norsk», sa han i den mektige naturen i Jotunheimen, og
masurkaen kom av seg sjølv etter denne påsketuren til Leirvassbu. 


LIVAT PÅ FRON


Utgitt i noteheftet «Te´ dans» (1971). Innspelt på «Oddvar
Nygaards jubileumsplate» (1971). «Livat» er det same som «kvekt og
livfullt» og speglar festlivet og dansen. 


MASURKA


Også denne masurkaen, komponert i 1983, er uinnspelt.  


MED SØLV I HÅRET


Han hadde ei sterk poetisk åre og var god til å namngi komposisjonane sine. Innspelt i 1976 på LP «De gamle er gamlast». 


NI-TIMENS MASURKA


Denne masurkaen heitte fyrst «Gamla på ball». Masurkaen er innspelt på EP, 1967. Det var viktig å tilpasse seg mediesamfunnet.


PÅ PONSBALL


Pons er ei blanding av «hembrent», sukker og varmt vatn. Det vart
nok meir drukke før enn i vår tid, men det vart livat der ponsen kom
fram. Innspelt på LP «På ponsball» (1977).


SETERJENTA


Konsertmasurka tileigna den gamle læremesteren og
trekkspellegenden Ottar E. Akre (1896-1992). Han gjekk to somrar hos
Olaf Knudsen i 1935 og 1936. Han tok timar med Ottar E. Akre somrane
1936,1937,1938 i Oslo. Oddvar Nygaard var med mor si, Magda
Gryttingslien, fleire somrar da ho var budeie i Sør-Frons-fjellet.


SKÅRÅHOPPEN


Ved påskeleite, da det tek til å bli flekkbert, driv haren med
sin paringsleik. På Trabelia i Venabygdsfjellet opplevde han dette saman
med familien sin, og denne masurkaen kom frå denne opplevinga. Innspelt
på plate «På dans med Oddvar Nygaards kvartett», der Sven Nyhus spelte
fele (1986). 


TREKKSPILLKLUBBEN


Han sette stor pris på å øve med Fron trekkspelklubb, som han tok opptakta til saman med nokre trekkspelkameratar i 1975. Denne masurkaen er tileigna klubben, men vart ikkje innspelt.


UNGDOMMENS RADIOLÅT


Denne masurkaen vart fyrst kalla «Enkel og liketé», men vart
seinare omdøypt til «Ungdommens radiolåt». Innspelt på LP «Veteranløpet»
med Arnt Haugen (1978).


VILLROSEN


Konsertmasurka som han komponerte da han var 15 år. Innspelt
fyrste gong i 1936 av Ottar E. Akre. Melodien vart innspelt på nytt med
Skaus kvintett i 1942 med Severin Jevnakers «Lengselsvals» på baksida.
Innspelt på Telefunken. Elles spelte Oddvar inn «Villrosa» i 1965 saman
med  «Storjutul´n».


 


POLKA


DALE-GUDBRAND


Dale-Gudbrand er hersen som Snorre skriv om i kristningsmøtet på
Hundorp i 1021. Oddvar Nygaard gjekk på Gudbrandsdalens folkehøgskule på
1930-talet og hugsa desse åra med glede. Innspelt på LP 12 i 1971 på
«Oddvar Nygaards jubileumsplate».


DRIFT  I  SALA


Han skreiv mange gode polkaer. Denne vart spelt inn på LP nr 19,
1976. Plata fekk tittelen «De gamle er gamlast». Tittelen fortel om god
feststemning litt utpå natta. 


DØLAGUBBEN


Denne polkaen vart spelt inn to gonger. Den fyrste var på EP nr
5, 1964 – utan det faste kompet, Finn Westby (gitar) og Håkon Nilsen
(bass). «Dølagubbin» kom også på LP nr 2, 1966. Plata heitte «Gammeldans
frå dal og fjell».


FJELLTJØNNJENTA


Denne polkaen vart ikkje innspelt. Dette var ei dåpsgåve til barnebarnet, Silje Nygaard Holen, som vart døypt 19.12.1982. 


GUST I VÆRET


Oddvar Nygaard likte seg godt når vêret ikkje var «det beste».
Kvartetten spelte ikkje inn denne polkaen, men det vart gjort av Kvarts
på samleplata «Ekte døl» (2008).


 I  NORDASNO


Denne tittelen spegla også korleis han kunne oppleve vêrlaget –
 i meir enn ein forstand da helsa tok til å skrante. Innspelt på LP nr
26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» (1986), tileigna Sven Nyhus. 


JO GJENDE


Denne legendariske reinsskyttaren og fjellmannen inspirerte til
denne melodien, laga fyrst på 1960-talet. Kvartetten spelte inn «Jo
Gjende» på plate EP nr 10 (1966).


MÅRRÅFRESKEN


Denne melodien vart heller ikkje spelt inn, men kom for ein dag
ved systematisk gjennomgang av alt materialet i ettertid. Det er uvisst
når denne polkaen vart komponert, men truleg var det sist på
1970-talet. 


NYTT  FRÅ  BYGDOM


Innspelt på LP nr 12 (1971) på «Oddvar Nygaards jubileumsplate». I
1971 hadde kvartetten gitt ut 39 plateproduksjonar, og derfor vart
dette den 40. og eit jubileum. I tillegg var det 45 år sidan han spelte
på kommunelokalet i Sør-Fron kommune, der han debuterte som spelmann.
«Nytt frå bygdom» vart tileigna «Opplandsradioen» på Lillehammer, som
det vart sagt den gongen. 


ODDVARS  VM-POLKA


Ikkje innspelt på plate, men tileigna  Oddvar Brå etter ski-VM i Oslo, 1982.


OLA  KAMPENS  MINNE


Denne melodien vart kjent for eit stort publikum på plata «De
gamle er gamlast» (1976). Ola Kampen (1883-1945) frå Tessanden i Vågå
vart ein viktig durspelmann og tradisjonsutøvar. Han var også fjellførar
i mange år i Jotunheimen. Det er mange melodiar han berga frå
gløymsla. 


PÅ  BLÅE  LIVET


Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett»
(1986), der Sven Nyhus spelte fele. Plata kom ut året etter han gjekk
bort. Tittelen kan gi mange assosiasjonar til framdrift og driv i leiken
og dansen – her går det unna med mange tonar i taktene.


PÅ  PRINSEHYTTA I SIKKILSDALEN


Innspelt med Fron trekkspelklubb i 1977 på plata «Trå takten»,
der Vågå trekkspelklubb var med på side 2. «Respektfullt tilegnet H.M.
Kong Olav og kongefamilien».


SJÅRDALS-KAREIN


Denne finst på EP nr 9 (1965). «Sjårdals-karein»  var Halvdan
Kluften, Arne Botten og Erling Steineide, ein sjårdøl, ein dovring og
ein heidøl. Dei vann Norgesmesterskapet i skistafett fleire gonger på
1960-talet.


STOR-JUTUL’N


Denne mektige konsertpolkaen vart tileigna Enok Tangen frå
Sollia. Enok var frå nabogarden til  garden Gran, der Alvhild Kulstad
var frå. Ho vart gift med Oddvar. Granhaugen heitte garden der
«Stor-Jutul´n» budde. Komposisjonen vart utgitt på EP nr 8 (1965) og
vart laga i Sollia, vinteren 1943.


SÅ SVEITTEN HØLJA


«Det svinger i gammeldans» heitte plata som kom i 1976. Tittelen
kjem frå danselokalet og treng ikkje forklaring – ein blir varm og
sveitt når det går unna i dansen. 


TAKK FOR DANSEN


Oddvar Nygaard spelte til dans i rundt 60 år. Det er god skikk å takke for dansen. Melodien er ikkje spelt inn på plate. 


TYIN-POLKA


Gruppa Kvarts spelte inn denne polkaen på plata «Ekte døl» (2008).  Melodien vart sendt inn til konkurranse om «Tyin-melodien».


VED MIDNATTSLEITE


Polkaen vart spelt inn på plata «Anna på Haugsetvollen» (1973).
Som tittelen fortel er denne inspirert av festlivet. Det var ved
midtnattsleite det kokte mest på festlokalet.
 


TIL MINE VENNER I ØNSKEKONSERTEN


Ein polka tileigna det populære radioprogrammet. Oddvar Nygaard
skreiv denne på sist del av 1970-talet, men vart ikkje spelt inn på
plate. 


 


REINLENDER


BIRKEBEINER’N


Denne reinlenderen er laga for durspel, og det går fram av
korleis leiken er bygd opp. Tittelen gir assosiasjonar til rennet frå
Rena til Lillehammer og den historiske bakgrunnen. Uinnspelt, men
komponert siste halvdel av 1970-talet.


FJELLJENTA


100-årsjubileum for Gjendebu i Jotunheimen i 1971, den eldste
turisthytta i Den Norske Turistforening. Oddvar Nygaard og Ola Opheim
spelte til dans på jubileumsfesten , og «fjelljenta», Gjendine Slålien
(1871-1972), var med og dansa springleik med Ola på festen. Innspelt på
LP 23, «Veteranløpet» (1978). 


HAUGTUSSEN


Fleire komposisjonar er inspirert av dei underjordiske og
folketru. Denne melodien er tileigna Akres trio. Oddvar sa sjølv at
denne reinlenderen er blant dei beste han hadde laga, komponert innpå
fjellet, og «den kom på en så rar måte at det er besynderlig. Den kom
liksom ut av selve Blåhaugen», sa han. Innspelt på LP 19 «De gamle er
gamlast». 


 HILSEN  FRA  ODDVAR  NYGAARD


Innspelt på LP nr 23 «Veteranløpet» (1978). Tileigna
Toradertrioen i Hallingdal «med takk for hyggelig hilsen på plate med
«Hans og hånån» (1977).


HO  ANNA  I  MOOM  –  ( «FRÅ  GAMMELTIOM»)


Innspelt på LP nr 1 «Frå gammeltiom» (1965). Ola laga masurkaen
«Hilsen til Ingvild» til Nygaards yngste dotter, og Oddvar kvitterte med
tittelen «Ho Anna i Moom». Ho er yngste dotter til Ola Opheim. Tittelen
på plata vart «Frå gammeltiom», slik leiken heitte i fyrstningen. 


HULDRA  VED  VAKKERTJØNNA


Ein av mange komposisjonar med tittel frå folketrua. Innspelt på LP nr 6 (1968), på plata med same tittel som komposisjonen. 


HULDREDANS  PÅ  SETERVANGEN


Konsertreinlender laga i yngre år og trykt på Hermani forlag. Ikkje innspelt. 


I  60-ÅRSLAG


Ein svært omtykt komposisjon, som er mykje brukt av fleire
utøvarar i dag. Innspelt på LP nr 24 «I 60-årslag» (1979) med Sven Nyhus
på fele. 
 


20-ÅRSJUBILEUM PÅ BEITOSTØLEN


Dette jubiléet i 1984 var for Helsesportsenteret på Beitostølen. 
Komposisjonen er tileigna Erling Stordahl og pionerarbeidet hans.
Eignar seg for durspel. Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar
Nygaards kvartett» (1986).


NATTRANGLAR’N


LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett». Det vart
sjølvsagt mykje nattarbeid gjennom eit langt spelmannsliv og seint før
ein fekk lagt seg etter ei dansespeling.  


PÅ  RONDESLOTTET


Oddvar Nygaard var glad i fjella austafor Gudbrandsdalen, Sollia,
Atndalen og Rondane. Innspelt på LP nr 11 «Vals te tusen» (1971), også
innspelt på EP nr 19 same året. 


PÅ  SPARKET


I 1972 vart det produsert eit fjernsynsprogram om spelmannen og
komponisten. Produsent Lasse Thorseth foreslo at hovudpersonen skulle
komponere ein melodi mens opptaka vart gjort. Derfor fekk reinlenderen
denne tittelen. Han sat i friluft i heimbygda Sør-Fron med tusjpennen og
notearket. Innspelt på LP nr 13 «På sparket». (1972)
 


SLIPSTEINEN


Innspelt av gruppa «Kvarts» i 2008. Fleire av komposisjonstitlane
hans er henta frå det tradisjonelle arbeidslivet før i tida, slik som
slipsteinen. Den runde steinen vart brukt for å kvekja (kvesse) ljåen.


STOREGUT


Denne er skrive til svigersonen Knut Stakston (1941-), og er innspelt på EP nr 2, 1964. 


STYGGEN  I  HULDERHAUGA


Innspelt av gruppa «Kvarts» på plata «Ekte døl» (2008). Tittelen
spelar på underjordsfolket – ein av mange melodiar som er inspirert av
natur og folketru.


TROLLKATTEN


Trollkatten var eit vesen som drog mjølk til gards frå kyrne i
nabolaget. Om morgonen på fine sommardagar kan vi sjå «trollkattspytt»,
eit kvitt frau på graset. Før heitte komposisjonen «Gust i været», jf
polkaen med det namnet. Innspelt på CD «Det gror i gamle spor» med Fron
trekkspelklubb (1995). 


TROND  I  VALFJELL


Oddvar Nygaard skreiv dette: «Kveldsvinnermelodi i NRK TVs
konkurranse «Nye melodier i gammel takt». Framført på Ringve museum i
1976 av komponisten saman med Asmund Bjørkens ensemble. Innspelt på LP
nr 21 «På ponsball» (1977). 


VED  ESSANDSJØEN


Innsjøen ligg i Tydalen, der kvartetten spelte på arrangementet
«Karolinerløpet» til minne om dei mange soldatane som omkom i snøstorm
etter ei katastrofal tilbaketrekning til Sverige i 1719. 


 


POLS


HELSING  ÅT’N  GLÅMOS-SIGNE


Signe Trønnes budde på bruket «Flaten» ved utløpet av Aursunden.
Ola Opheim og Oddvar Nygaard fekk overnatting der ein gong dei spelte på
Glåmos. Det var to ting ho hugsa frå det året, det eine var at vatnet
fraus om vinteren, og det andre at Ola og Oddvar spelte til dans! 


 


SPRINGLEIK


FURUKRAGGEN


Innspelt på plata «Ekte døl» med Kvarts (2008). Springleiken er
tileigna Øystein Rudi til bruk på Landskappleiken på Kongsberg i 1983.
 Øystein var da 14 år. Leiken er laga same året. 
 


SELJEFLØYTA


Johan Dalseg (f.1932-) på Sør-Fron er felespelar, gardbrukar og
treskjerar. Denne springleiken er resultatet av eit arbeidsbyte. Oddvar
likte å skjera i tre, og Johan hadde treskjerarkurs. Johan hadde behov
for ein ny springleik til Landskappleiken, 1970. Springleiken er
innspelt på plata «Den Lykkelige Frier» med Sør-Fron spelemannslag
(1991).


 


TANGO


HØR  FIOLINEN


Oddvar likte godt felespel – klangen og uttrykket. Denne tangoen
er innspelt på plata «Ekte døl» (2008), men er komponert i yngre år. 


TANGO  DOLOROSA


Oddvar Nygaard spelte moderne dansemelodiar i alle uttrykk, og
enne tangoen er komponert i 1975, lenge etter at han var landskjent som
komponist og utøvar. Nygaard kalla også denne tangoen for «Attrå». 


 


VALS                   


DANS  I  GAMMELSTUGUN


Denne valsen er innspelt i debutåret for plateproduksjonen  i
1964. Valsen vart innspelt utan gitar og bass. Dette er ein hyllest til
småfestane som det var mange av i heimebygda Sør-Fron. Innspelt på EP nr
3. Det var dette samspelet som vart kalla «Nygaardssjokket» – noko nytt
kom inn i norsk runddansspel. 


DØLAVALSEN


Tidleg komposisjon for piano og trekkspel, der pianoet var
akk.instrument. Dette var repertoar som han brukte i tillegg til
konsertmusikk av Frosini og Deiro. Ikkje innspelt.


FRONSVALSEN


Ein usvikeleg kjærleik til Fron og Gudbrandsdalen ligg til grunn
for komposisjonane hans. Denne er innspelt på LP nr 15 «Anna på
Haugsetvollen» (1973).


GUDBRANDSDALSVALSEN


Innspelt på EP nr 10, 1966 med kvartetten og seinare med Fron
trekkspelklubb i 1977. Plata heitte «Trå takten». Dette er ein
konsertprega vals han sette høgt. Oddvar komponerte valsen da han var 20
år.


KULTURARVEN


Innspelt på LP nr 23 «Veteranløpet» (1978). Komponert i 1974 i
samband med at han fekk kulturprisen for Gudbrandsdalen same året. 


MAIHAUGVALSEN


Valsen er innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett» – tileigna NRK Oppland i 1982.


NM-VALSEN


Fron trekkspelklubb spelte inn valsen på plate i 1977, «Trå
takten» heiter LP-plata. Komponert til NM i hopp på Fåvang (1976), der
kvartetten hadde dansespeling. 


NORDLYSNATT


Konsertvals innspelt på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008) av Jon
Faukstad. Nygaard var av dei få i Gudbrandsdalen som beherska moderne
danserytmer og konsertmusikk. Valsen er tileigna trekkspelaren Arnstein
Johansen.


ODDVAR  NYGAARDS  VALS


Ikkje innspelt, men er før trykt  i noteheftet «Te dans» (1971).


PÅ  ROMJULSBALL


Denne komposisjonen er innspelt på CD med Kvarts «Ekte døl»
(2008). Tittelen er sjølvforklarande. Trykt i noteheftet «Svingom»
(1974). 


PÅ  SMÅSTUGUBALL


Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett»
(1986).Tittelen er henta frå tidlegare samværsformer i grendene. Dette
var ein fin måte å møtast på over generasjonane.


RONDEBRURA


Bakgrunnen for denne tittelen er uviss. Valsen er mykje brukt av
lag og grupper. Innspelt på LP nr 1 «Frå gammelti´om» (1965) og
plateomslaget har motiv frå Sjølisetra ved Atnsjøen i Sollia med utsyn
mot Rondane. 


60-ÅRSVALSEN


Valsen er ikkje innspelt, men kom for ein dag i seinare tid etter
systematisk gjennomgang av notestoffet. Kanskje er valsen skrive i
1979, da han fylte 60 år?
   


SLUSKEVALSEN


Oddvar Nygaard likte folk med særpreg, profil og karakter – folk
som hadde ein råkande god replikk som han sjølv. Valsen er inspirert av
veg- og anleggsslusken før i tida og er innspelt av Tom Willy Rustad på
CD «Ekte døl» (2008). Eignar seg for durspel.
 


SMED-JENS MINNE


Innspelt på LP nr 26 «På dans med Oddvar Nygaards kvartett»
(1986). Ei hylling til Røros-tradisjonen, folket og musikken innpå
fjellet. Smed-Jens var storspelmann og arbeidde i gruvene på Røros.


SPELLEMANNSVALSEN


Innspelt på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008), men trykt i bladet
Rytme (1942). Tittelen fortel at han frå tidlege år var oppteken av
spelmannen, ikkje berre av det å bli musikar. 


STOR-JOHANS  VALS


Innspelt på LP nr 12 «Oddvar Nygaards jubileumsplate» (1971).
Stor-Johan (1844-1946) var av dei reisande og han fekk mange
etterkomarar. Det hende at det var innom reisande i heimen hans i
Sør-Fron. 


SØLVBRURA


Det er ein ukjent bakgrunn for denne valsen, som vart spelt inn  på plate LP 7, «Dansen går» (1969).                       


TIL VENNENE AV GAMMELDANS


Oddvar Nygaard hadde sin eigen kvartett i vel 20 år, og det vart
uvanleg mange dansespelingar med eit stort publikum. Valsen er ikkje
innspelt.
           


VALSE  AMOURETTE


Dette er ein  konsertvals, som syner at Nygaard hadde ein vid
musikalsk horisont heile livet. Truleg komponert i ungdomsåra, og valsen
vart seinare innspelt av Jon Faukstad på Kvarts´ CD «Ekte døl» (2008). 


VALSEN  TIL  SOLLIA


Heller ikkje denne valsen vart innspelt, men det viser seg at
valsen vart laga til 300-årsjubiléet for Sollia i 1984. Dette var ein av
dei siste komposisjonane han gjorde.


VALS  TE’  TUSEN


Oddvar Nygaard vann NRKs melodikonkurranse i 1970 med denne
komposisjonen. Premien var kr 3000, så valsen vart spøkefullt kalla
«Vals til 3000» i ettertid. Innspelt på LP nr 11 «Vals te tusen» (1971)
og på EP nr 19 same året. 
 


VI  OVER  60


Denne melodien vart tileigna fjernsynsprogrammet «Husker du», der
Odd Grythe var programleiar. Melodien vart ikkje innspelt og kom som
mange andre komposisjonar  for dagen etter ein endeleg gjennomgang av
alt notestoffet.

Produkttype
Fysisk Fysisk
Tilgjengelig
kr 279,00
Inkl. MVA
Du har lagt produktet i handlekurven
Nygaard i 100
1 x kr 0,00
Fysisk Fysisk
kr 0,00
Loading...