Sverre Eftestøl: På gamle tufter 3

kr 185

For orgel

Description

PÅ GAMLE TUFTER 3

Stykka i dette opuset inneheld komposisjonar, tufta på tradisjonsmusikk frå Vest-Agder. Nokre av stykka Iinst også for orgel og fele.

Lydarslått komponert av Sverre Eftestøl
Komposisjonen er tileigna dottera Anne Ingebjørg på konIirmasjonsdagen 1995. Den Iinst også i arrangement for fele og orgel og er
innspela på CD-en “På gamle tufter” 9611CD/ SEPGT14.

Salmeli komponert av Sverre Eftestøl
Salmeli er ein avsidesliggjande gard lengst nord i Kvinesdal. Denne staden er ei kulturperle med gamle bygningar og eit rikt kulturlandskap.
Om Salmeli er det ei segn som fortel at det der ein gong kom bort to born. Det var ein sommar dei låg på Atlagstøl og høya. Då dei hadde leita etter borna i åtte dagar, høyrde dei så ven ein song. Dei gjekk etter lyden og fann borna, men dei var då døde. Lia blei heitande Salmeli. Det er framleis ein åker i Salmeli som heiter «Bodnågren». Det var der dei fann borna.

Musikkstykket er komponert i 1996 for fele og orgel, og vaks fram som eit gjensvar på denne segna. Stykket er innspela på CD-en “På gamle tufter” 9611CD/ SEPGT14. Orgelversjonen er frå 2017.

Munnharpeslått komponert av Sverre Eftestøl
Opphavleg ein eigenkomponert munnharpeslått frå 1994. Den er omskriven og utsett for orgel i 2008/2017. Slåtten Iinst også i utgåve for fele og klaver med tittel “Håball”. Den er innspela på CD-en “På gamle tufter” 9611CD/SEPGT14. Finst også på YouTube.

Kvinesdal i juli 2019
Sverre Eftestøl

Additional information

Weight 200 g
Dimensions 25.0 × 35.3 × 1.0 cm
Forlag

Genre

Format