fbpx

HENRIK LYSSAND: Ei Kattastrofe og andre barnesongar

kr 225

HENRIK LYSSAND: Ei Kattastrofe og andre barnesongar

Samling med barnesanger komponert av Henrik Lyssand, med tekster av forskjellige diktere.

Boken innheholder stykker arrangert for barnekor, og melodilinje, tekst og besifring.

SKU: MH3510 Categories: , Produkt-ID: 39882

Description

HENRIK LYSSAND: Ei Kattastrofe og andre barnesongar

HENRIK LYSSAND: Ei Kattastrofe og andre barnesongar

Samling med barnesanger komponert av Henrik Lyssand, med tekster av forskjellige diktere.

Boken innheholder stykker arrangert for barnekor, og melodilinje, tekst og besifring.

Fra forfatteren:

8. september 2012 er det 100 år sidan far min, komponist og dirigent Henrik Lyssand vart fødd. Dette vert markert med konsertar og andre arrangement i heimbygda hans, Os. Då eg tok musikkutdanning i Oslo på slutten av 1960- og starten av 1970-talet, laga far femtøysevers til meg. Dette var starten på samarbeidet vårt. Seinare vart nokre av tøyseversa tilsongar og då vart tekstane endra litt. Dei første tekstane var på bokmål, for eg jobba i ulikemusikkbarnehagar i Oslo i denne tida, men då eg flytta heim til Os i Hordaland, vart detnaturleg å bruka dei på dialekt /nynorsk.

Ei kattastrofe brukte eg mykje i musikkbarnehagen, ungane tok den med seg til barnehagane sine og den er nesten vorte til ei folkevise, mange kan den, men veit ikkje kvar han kjem i frå. Då tenkte eg at desse songane bør samlast i eit hefte.

Om Komponsiten: 

Henrik M. Lyssand (1912-1989) fekk første musikkinstrumentet, ein fiolin som femåring. Seksten år gamal følgde han faren på korøving i Os Mannskor. Før han var kommen ut av tenåra, tok han på seg dirigentjobben i koret, og etter kvart vart det korkunsten han konsentrerte seg mest om.

Etter mange år som målarmeistar på dagtid og musikar på fritida, gjorde han musikken til levebrød frå 1957. Då vart han tilsett som tilsynslærar for musikk i Os kommune, og det vart meir tid til korarbeid og komposisjonar. Yngste dottera, Bergljot gjekk i faren sine fotspor som musikklærar, og då ho byrja med musikkbarnehage, vart faren inspirert til å komponera tonar, og dikta nokre av barne-rima i denne vesle boka.

Han har tonesett ti av Inger Hagerup sine dikt, ni av dei arrangert for fleirstemt kor, to dikt av Halvdan Rasmussen, i norsk gjendikting av Jørgen Stang, og Spurven av Arnulf Øverland, arrangert for tre like stemmer.


Til gjennomsyn:

 

Andre utgivelser av Henrik Lyssand

Additional information

Weight 192 g
Dimensions 29.7 × 21 × 0.5 cm
Forlag

Format

, , , ,